Vaksne som har særlege behov for
opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik, har
rett til slik opplæring.
Alle tre vilkåra må vere oppfylde.
- Det må vere behov som er knytte til dei
grunnleggjande ferdigheitene: Opplæringslova § 4A-2 andre ledd gir rett
til spesialundervisning dersom den vaksne har eit særleg behov for
opplæring for å utvikle eller vedlikehalde grunnleggjande ferdigheiter.
Grunnleggjande ferdigheiter er i denne samanhang meint å dekke ADL-trening
(opplæring i daglege gjeremål), grunnleggjande kommunikasjon,
grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter, motorisk trening og liknande.
- Det må vere opplæring for å vedlikehalde
eller utvikle dei grunnleggjande ferdigheitene.
- Den vaksne må ha eit særleg behov. Om den
vaksne har rett til spesialundervisning skal vurderast konkret og
skjønnsmessig på bakgrunn av den einskilde sitt behov.
For at den vaksne skal ha rett til spesialundervisning etter § 4A-2
andre ledd (dvs. vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle
eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter) må den vaksne oppfylle
vilkåra i § 4A-1 første ledd, dvs vere over opplæringspliktig alder, trenge
grunnskuleopplæring og ikkje ha rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1.
Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte. Diagnose i seg
sjølv utløyser ikkje nokon rett. Dersom den vaksne har rett til
spesialundervisning etter § 4A-2, andre ledd skal hensikta vere opplæring,
ikkje behandling, aktivisering, rehabilitering, opptrening, tilsyn eller noko
anna.. Dersom hensikta med tilbodet/tilrettelegginga er behandling eller
aktivisering, fell dette utanfor § 4A-2 andre ledd. Den vaksne vil kunne ha
rett til dette etter anna regelverk, t.d. sosialtenestelova. Det vil derfor bli
nøye vurdert om den vaksne treng grunnskoleopplæring for å utvikle eller
holde ved like grunnleggjande ferdigheiter eller ikkje.
For at noko er opplæring må
- aktiviteten har eit pedagogisk siktemål.
- aktiviteten er knytt til fag og gis gjennom
dette.
- aktiviteten må stå under skuleeigars leiing
og skje under leiing av nokon som har fagleg og pedagogisk rettleiing og
ansvar.
Trykk på "Neste" for begynne på søknaden.