Retningsliner for tilskotsordninga:
Føremål
Ørsta kommune vil ta medansvar for vedlikehaldet av lagseigde idrettsanlegg. Kommunen skal sjå til at tilskot frå spelemidlane vert nytta i samsvar med gjeldande føresetnader og at anlegga vert haldne ved like. Tilskotsordninga er eit middel i dette samarbeidet. Tilskot som utløyser dugnad er ei god ordning vurdert frå kommunen si side.
Søkjarar
Tilskotsordninga er for alle lag/grupper som eig eller driv idrettsanlegg som har fått tilskot frå spelemidlane. Grupper i idrettslaga kan søkje på sjølvstendig grunnlag. Skular eller offentlege institusjonar fell utanfor tilskotsordninga. Dersom leigarar av idrettsanlegg har vesentlege vedlikehaldskostnader, kan desse også søkje tilskot.
Tiltak
Tilskotsordninga opnar for vurdering av ymse kostnader som direkte gjeld vedlikehald og oppdatering av idrettsanlegg, og som seinare kan dokumenterast i søkjaren si rekneskapsføring. Kostnader som fell utanom ordninga er m.a. kommunale avgifter, straum, telefon, forsikring, datautstyr, kontorutstyr, arrangementskostnader, kapitalkostnader/avskrivingar m.m. Vedlikehald av maskiner og "laust" utstyr vert vurdert på fritt grunnlag.
Planane må omtalast i søknaden på ein slik måte at det i ettertid kan vurderast om føremålet med tiltaket er oppnådd. Dersom det vert søkt på fleire ulike tiltak, bør det brukast søknadsskjema for kvart tiltak.
Kostnader
Det må gjerast greie for kostnadene i planane. Dette kan dokumenterast ved kopi av tilbod frå byggfirma el.l. Det kan også brukast omtrentlege tal, men dette må setjast opp slik at det kan vurderast i høve til røynsle frå andre tiltak. Kostnadene må kunne dokumenterast etterpå, og tilskot vil ikkje bli utbetalt før det vert lagt fram kvitteringar, rekningar o.l. i høve til kva det er søkt om. Betalte arbeidskostnader kan takast med. Dugnadsinnsats vert vurdert på fritt grunnlag.
Søknadssum og finansiering
Dei innkomne søknadene vert vurderte samla i høve til ein tilskotssum som er avsett i kulturbudsjettet. Målsetjinga er at det vert gitt tilskot som er store nok til at det saman med eigeninnsats (dugnad) og anna finansiering kan realisere synleg opprusting av anlegga. Det er difor viktig at søkjarane vurderer totalkostnad og finansiering skikkeleg på førehand.
Som eit utgangspunkt for finansieringa av faktiske kostnader kan det maksimalt reknast med 30% tilskot frå kommunen (og neppe meir enn kr 10.000,- pr. tiltak). Her skal det også gjerast greie for korleis resten av kostnadene skal dekkjast, t.d. ved eigne midlar, andre tilskot, gåver m.m. Det kan leggjast særskild vekt på finansieringsplanen.
Periode
Tiltaket må vere oppstarta og/eller avslutta i inneverande kalenderår. Tilsegn om tilskot kan ikkje overførast til neste år. Framdrift/ferdigmelding må rapporterast til kommunen seinast 1. november d.å.