Retningsliner for tilskotsordninga:
Føremål
Ørsta kommune vil ta medansvar for forsamlingshusa i kommunen. Dette skjer m.a. gjennom tilskot, rådgjeving og planlegging i samarbeid med eigarar og brukarar. Tilskot som utløyser dugnad er ei god ordning vurdert frå kommunen si side.
Søkjarar
Tilskotsordninga er for alle forsamlingshus og -lokale som frivillige organisasjonar o.l. eig og driv. Det kan krevjast særskild/langsiktig leigeavtale dersom det er andre enn søkjaren som eig det lokalet som skal setjast i stand.
Offentlege instansar, firma og privatpersonar fell utanfor tilskotsordninga.
Tiltak
Det vert ikkje ytt tilskot til ordinær drift (årlege avgifter, lån/renter, reinhald, vaktmeisterteneste o.l.). Tilskot vil primært bli gitt til bygningsmessige forbetringar og endringar eller andre tiltak som vil ha positiv innverknad på bruken av huset.
Større rehabiliteringsprosjekt fell utanfor ordninga. Planane må omtalast i søknaden på ein slik måte at det i ettertid kan vurderast om føremålet med tiltaket er oppnådd.
Kostnader
Det må gjerast greie for kostnadene i planane. Dette kan dokumenterast ved kopi av tilbod frå byggfirma el.I. Det kan også brukast omtrentlege tal, men dette må setjast opp slik at det kan vurderast i høve til røynsle frå andre tiltak. Kostnadene må kunne dokumenterast etterpå, og tilskot vil ikkje bli utbetalt før det vert lagt fram kvitteringar, rekningar o.l. i høve til kva det er søkt om. Betalte arbeidskostnader kan reknast med. Dugnadsinnsats vert vurdert på fritt grunnlag.
Søknadssum og finansiering
Målsetjinga er at det vert gitt tilskot som er store nok til at det saman med eigeninnsats (dugnad) og anna finansiering kan realisere synleg opprusting av forsamlingshusa. Det er difor viktig at søkjarane vurderer totalkostnad og finansiering skikkeleg på førehand.
Som eit utgangspunkt for finansieringa av faktiske kostnader kan det maksimalt reknast med 30% tilskot frå kommunen (og neppe meir enn kr 10.000,- pr. tiltak). Her skal det også gjerast greie for korleis resten av kostnadene skal dekkjast, t.d. ved eigne midlar, andre tilskot, gåver m.m. Det kan leggjast særskild vekt på finansieringsplanen.
Periode
Tiltaket må vere oppstarta og/eller avslutta i inneverande kalenderår. Tilsegn om tilskot kan ikkje overførast til neste år. Framdrift/ferdigmelding må rapporterast til kommunen seinast 1. november d.å.