Føremål
Føremålet med skiltinga/merkinga av råser og turruter er å skape meir aktivitet i friluft i nærleiken av der folk bur og oppheld seg.
Kven kan søkje?
- Frivillige lag og organisasjonar
- Eldsjeler
Kva kan støttast?
Merking og skilting av turløyper i samsvar med Ørsta kommune si retningsline for merking og skilting i friluftsområde og Merkehandboka. Det vert berre gitt støtte til utstyr for merking, skiltstolpar og festemateriell av skilt.
Ørsta kommune står for merkepinnar, måling, bestilling og innkjøp av skilt. Søkjar står for naudsynt detaljinformasjon til skilta i tillegg til å setje opp skilta.
Det vert ikkje gitt støtte til prosjektering, infomateriell, utstyr til utbetring av sjølve turløypa. Til dette kan ein søkje t.d. GjensidigeStiftelsen (søknadsfrist 15.september).
Kva råser/turruter vert prioritert?
- Turruter i nærleiken av der folk bur og oppheld seg
- Turruter med forventa stor bruk
- Turruter med plan for aktivitetstiltak/ synleggjeringstiltak
- Turruter som er knytt opp mot kollektive haldeplassar og p-plassar
Krav til skilting og merking:
- Grunneigaravtale.
- Ørsta kommune si retningsline for merking og skilting i friluftsområde og merkehandboka skal følgjast.
- Skiltplan og kartskisse skal følgje søknaden.
- Kommunen ønskjer turane skal GPS-registrerast og leverast til kommunen for opparbeiding av digital kartdatabase.
- Registrere turen i https://morotur.tibe.no/
Kostnadar
Godkjende søknadar får dekt kostnadar knytt til merking og skilting, jmf punkt over om kva som kan støttast.
Fristar
Ingen søknadsfrist. Søknad vert handsama etter kvart som dei vert mottekne.
Kontaktpersonar:Ingvild Endal
Telefon: 917 65 389
ingvild.endal@orsta.kommune.no