Ifylgje lov og forskrifter om miljøretta helsevern er fleire typar verksemder søknadspliktige og meldepliktige til kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar eller endringar.
Formålet er å:
- fremje folkehelsa og medverke til gode miljømessige forhold
- sikre befolkninga mot helseskadelege faktorar i miljøet (biologiske, kjemiske, fysiske, sosiale)
Ansvarleg for verksemda skal:
- på eige initiativ gi kommunen opplysningar om forhold som kan ha negativ innverknad på helsa
- sørgje for internkontroll for å sikre at krava i forskrifta blir etterlevde.
Kommunen skal føre tilsyn med at forskrifta blir overhalden. Etter innsend melding vil kommunen vurdere om forhold ved verksemda kan medføre helseskade eller helsemessig ulempe.
Les meir:
Forskrift om miljøretta helsevern
Link til kommunen si heimeside om miljøtetta helsevern